Mer om FRIKAR

FRIKAR biografi - se artikkel FRIKAR lader opp i Farsund

FRIKAR er dansekompaniet som får punkrocken til å bleikne. Med sine improviserte stunts innsuppert i lyrisk sirup opptredde FRIKAR i 2007 på alt frå Ekstremsportsveko, med Nasjonalballetten, i kyrkjer, sirkustelt og teatersalar.

 

FRIKAR betyr å vera ukonvensjonell, vond å hamle opp med og å vera freaka. Frå gamalt av vart ein kalla "frikar" om ein dansa alle rivalane av golvet. I dansekompaniet FRIKAR skriv vi ikkje filosofiske avhandlingar bak rørslene våre, men legg desto meir snert og danseglede bak dei. Er du leitt av å tenke på oppvask og regningar når du er på danseforestillingar? Få med deg eit FRIKAR-show og bli fri!

 

Historie: Med mål om å utfordre individualistiske improvisasjonsdansarar på kreativ samdans starta Dansekompaniet FRIKAR opp med forestillinga LAUS i 2006, tinga av den Norske Folkemusikkveka. Seks av landets heitaste lausdansarar vart kobla til koreograf Hallgrim Hansegård og komponist Andreas Ljones.

 

Hansegård har vidareført og utvikla arbeidet med koreografert lausdans for store scener, og FRIKAR tilbyr i dag produksjonar med nokre av dei ypperste dansarane landet har innan sjangrane break dance og capoeira óg.

 

Det er møtet mellom bygd og by samt tradisjon og nyteknologi som er nisja til FRIKAR. - Det er ofte like spennande å oppdage tradisjonsrikt rørslemateriale som å utvikle triks og rørsler vi trur er nye, meiner Hansegård, og viser til lausdansarane for over 100 år sidan snurra på hovudet, tok isdanskorketrekkjarar på tregolv, og rundkast på påle. - Sirkus og breaking har alle sett, no er det på tide at folk får oppleva go`karstykke og lausdans!

 

FRIKAR står bak produksjonane LAUS (2006), BASTARD (2007), THE SNUFF GRINDERS (2007) og KRUK! (2007) Meir info på www.frikar.com

Tilbake
Ingen foreløpige arrangementer...
25.04.18 Laugsmedlemmer

Laugsmedlemmer er våre viktigste samarbeidspartnere

Les mer